Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Arbeider du med musikk, drama eller kunst og handverk i barnehage, skule, kulturskule og kulturlivet elles? Denne vidareutdanninga gir deg erfaring med tverrfaglege arbeidsmåtar i desse faga.
Kvifor studere Tverrfagleg arbeid i kunstfaga?
I den profesjonelle kunstverda samarbeider ofte kunstnarar frå ulike felt. Tverrfagleg arbeid kan hjelpe deg som er lærar og dine elevar til å sjå samanheng mellom ulike kunstdisiplinar og såleis inspirere til nye, innovative tilnærmingar. Ved å kombinere fleire fag kan læringa også blir meir engasjerande når dykk saman får utforske ulike metodar og perspektiv.
Kva lærer du?
Gjennom praktisk skapande arbeid, refleksjon og tekstproduksjon får du kunnskap om korleis du kan utvikle og gjennomføre samarbeid mellom kunstfaga, både i form av mindre prosjekt i undervisningskvardagen og i samband med større produksjonar. Metodikk og teori knytt til kreative, relasjonelle og estetiske prosessar, samhandling og gruppeleiing vil vera del av emnet.
Du får arbeide praktisk med og reflektere over tema som til dømes dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon. Det vil vere moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.
Du finn meir informasjon om kva du lærer i emneplanen for KUN801.
Målgruppe
Kulturskulelærarar og det frivillige kulturlivet. Emnet er også relevant for deg som er lærar i grunnskule og barnehage. For studieåret 2024/2025 er tilbudet rettet til ansatte i kulturskolen i Alver, Øygarden og Bjørnafjorden.
Opptakskrav
Tilrådde forkunnskapar: Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfelt.
I tillegg: Du må være ansatt i kulturskolen i Alver, Øygarden, Bjørnafjorden
Slik søker du:
- Logg inn i SøknadsWeb - NB: bruk ID-porten ikke Feide
- Valg opptak "Oppdrag"
- Så velger du "Oppdrag høst 2024"
- Velg studiet 8971
- Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
- Last opp dokumentsjon på at du dekker opptakskravet
- Trykk "Neste for å gjøre ferdig søknaden"