Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Enkeltemne
Studiepoeng:
7.5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Arbeider du med musikk, drama eller kunst og håndverk i barnehage, skule, kulturskule og kulturlivet elles? Denne videreutdanninga tar for seg leiing og organisering av musikkaktivitetar i workshopformat for å fremme kreative og estetiske læreprosessar.

Sentralt i emnet står praktisk arbeid og refleksjon knytt til musikalske tema som til dømes rytmikk, improvisasjon, gehørarrangering, samspel og komponering. Kunnskap om korleis ein kan legge til rette for slike aktivitetar i grupper med ulike typar deltakarar vil vera del av emnet.

Du finn meir informasjon i emneplanen for KUN804 Praktiske musikkaktivitetar.

Emnet kan gjennomrøres på oppdrag. Ta kontakt dersom dette er aktuelt for din organisasjon. Kontakadresse: evo-flki@hvl.no 

Målgruppe

Kulturskulelærarar, lærarar i grunnskulen, frilansarar og aktørar i det frivillige musikklivet.

Vil du studere vidare?

Dette er eit av seks frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr. 

Opptakskrav