Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Studietilbodet Norsk 2 for 5–10 (30 studiepoeng) gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget.

Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.

Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga eller tilsvarande, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar.

Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.

Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse. 

Praktisk informasjon 

 

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

Du må ha minst 30 studiepoeng i norsk frå tidlegare.

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Meir om søknadsprosessen

Alle utdanninger innen