Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Ønskjer du studiepoeng i norsk på barnetrinnet? Vel denne nett- og samlingsbaserte vidareutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.
Norsk 1 1-7 Grunnutdanning (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskolelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på barnetrinnet.
Slik er studiet bygd opp
Studiet er delt i to emne: Emne 1 Begynnaropplæring (15 studiepoeng ) går hausten, og emne 2 Opplæring på mellomsteget går våren.
Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.
Emne 1 Begynnaropplæring er innretta mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskolen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Du skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Du skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis ulike arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Praktisk informasjon
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Karrieremuligheter