Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Heltid
Oppstart: 12. august
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 20
Søknadskode (SO): 203667

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Årsstudiet i musikk har fokus på å utøve, lage og produsere musikk. Du lærer om og får erfare musikken sine byggjesteinar, og korleis du på mange ulike måtar kan bruke desse til å lage og arrangere musikk til deg sjølv og/eller andre. I vårsemesteret får du mellom anna arbeide med eit sjølvvalgt prosjekt. 

Kvifor studere årsstudium i musikk?

Er du interessert i å lære deg teknikkar for å komme i gang med å lage musikk? Har du vore aktiv som utøvar og/eller komponist/låtskrivar? Eller kanskje du ønskjer deg eit ekstra undervisingsfag i grunnskulen? Då kan dette vere studiet for deg. 

Du får stor fridom når det kjem til fordjuping i hovudinstrument eller hovudområde, sjangar og formidlingsformar. Gjennom å delta i praktiske fellesprosjekt, samspel, gruppeoppgåve og presentasjonar av eigen eller andre sin musikk, får du også utvida erfaringsgrunnlaget ditt. Me legg stor vekt på å skape trygge ramme rundt undervisinga. 

Ved å studere musikk lærer du

  • om korleis du kan utvikle deg sjølv musikalsk 
  • om samspel og musikkformidling
  • om låtskriving, arrangering og studioarbeid
  • om lytting, musikals analyse og musikkteori  
  • å bruke musikkteknologiske verktøy  
  • å legge til rette for musikkaktivitetar og musikkundervisning med barn og unge

Musikkavdelinga på campus Stord har godt utstyrte øvingsrom, med mellom anna Mac-lab med installert Sibelius noteprogram og Logic studioprogram, studio med opptaksutstyr og mikrofonar av høg kvalitet. Alt dette får du som musikkstudent tilgang til - også utanom undervising.

Lærarane på Campus Stord har solid kompetanse og til saman har dei ei breidde av instrument og fagområde å tilby rettleiing i. Har du likevel eit instrument/ hovudområde som ikkje nokon av lærarane har kompetanse i, vil det bli henta inn rettleiar utanfrå.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Årsstudiet inneheld både felles undervisning, praktiske workshops og rom for eigenutvikling og fordjuping, der du sjølv styrer korleis du ønskjer å bruke tida di. Du får ansvar og fridom til å kunne drive di eiga utvikling, med rettleiing frå kompetente lærarar.

Du får tilbod om individuell undervising/rettleiing i eit sjølvvalt hovudinstrument. Det kan til dømes vere song, gitar, trommer og så vidare, eller eit praktisk hovudområde som du definerer sjølv, som til dømes musikkproduksjon, singer/songwriter, arrangering for kor/korps eller liknande. Det kan også vere ein kombinasjon av fleire instrument/ hovudområde. I andre semester er det lagt opp til eit sjølvvalt prosjekt.

Praksis

Det er lagt inn to veker med praksis i løpet av studieåret. Praksis kan bli organisert ulikt etter studentgruppa si samansetting. Praksis kan vere observasjon av musikkundervising og anna undervising i grunnskulen, musikkformidlingsprosjekt (utøvande praksis), delta som hjelpeinstruktør i kor/korps eller liknande, samt gjennomføring av prosjekt retta mot barn og unge.

Vil du studere meir?

Fullført årsstudium dannar grunnlag for vidare studium ved ulike utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Fullført årsstudium i musikk kan vere starten på å skape din eigen leveveg innan musikkfeltet. Med musikkutdanning får du også ein ettertrakta kompetanse som kan bli brukt i barne- og ungdomsskulen, i arbeid i det frivillige musikklivet eller i musikkprosjekt av ulike slag. Saman med lærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU) gir årsstudiet undervisingskompetanse i musikk.