Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får du ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.
Kvifor studere Mat og helse?
Du tileignar deg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjer barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gjer dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.
Kva lærer du?
Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar.
Emne 1 gjev ei innføring i bærekraftig forbruk, måltid som identitets- og kulturutrykk, styringsdokument, trygg mat, smak og sensorikk.
Emne 2 fokuserer særleg på planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeid i faget. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om helsefremjande kosthald, matallergi og korleis faget kan bidra til livsmeistring for eleven og utjamning av sosial ulikheit i helse.
Målgruppe
Lærarar i grunnskulen som vil undervise i mat og helse.
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.