Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Oppstart: 12. august
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: HING
Poenggrenser 2024:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 30
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203011

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Den viktigaste oppgåva til mariningeniøren er å gjere berekningar for å kunne designe nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på ein sikker måte.

Kvifor studere marinteknikk?

Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, plattformer og oppdrettsanlegg. Her spelar marinteknikkingeniøren ei nøkkelrolle i utvikling av ny teknologi innan fornybare energikjelder som tidevasskraft, offshore vind- og bølgekraft.

Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte. Her bidreg marinteknikkingeniøren med utvikling av nye installasjonsmetodar, men også ved å bruke kjent kunnskap innan konstruksjon, hydrodynamikk og forankring frå skip og plattformer.  

Gjennom studiet lærer du om

  • hydrodynamisk design og konstruksjon
  • utvikling av sikre installasjonsmetodar
  • forankring av flytande konstruksjonar, deriblant flytande havvind plattformer

Du kan studere marinteknikk på heiltid ved campus Bergen. 

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg til sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte.

Vi samarbeider med den marine industrien i bergensområdet, og du skriv bacheloroppgåve i nært samarbeid med relevante bedrifter.

Du får tilgang til ulike dataverktøy for design, utrekning og konstruksjon. Vi har også ein 50 meter lang modelltank,  MarinLab, som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. MarinLab blir brukt både i undervisning og i bacheloroppgåver.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Sjå kor du kan reise i lista under. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Mariningeniørar jobbar med varierte oppgåver innan havbruk, skipsfart og skipsbygging, fiskeri og olje og gass.

Eksempel på arbeidsgivarar kan vere

  • Skipsdesignselskap og reiarlag
  • Verfts- og offshoresektoren
  • Klassifikasjonsselskap
  • Offentlege etatar
  • Oppdrettsnæringa
  • Fornybar energi-sektoren

Lønn: Kva tener ein ingeniør?

Ein ingeniør tener i gjennomsnitt 751 440 kr i året, i følge utdanning.no. Les meir om kva ulike typar ingeniørar tener på utdanning.no.

Alle utdanninger innen