Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du lære meir om branntiltak? Dette kurset introduserer deg til konkrete tiltak mot brann og lærer deg korleis teoriar om branndynamikk kan brukast når ein arbeider med brannsikker design. Du vil få innsikt i nyare forsking på området, og jobbe med korleis ein kommuniserer dei grunnleggjande prinsippa for tiltak mot brann.
Kvifor studere branntiltak?
Dette kurset gjev deg ferdigheiter og kunnskap som skal redusere brannrisiko og sikre liv og eigedom. Det opnar opp for varierte karrieremoglegheiter på tvers av ulike bransjar, og let deg spele ei viktig rolle i å styrke samfunnssikkerheita.
Kva lærer du?
Du vil lære å bruke eksisterande kunnskap om branndynamikk for å utarbeide gode tiltak mot brann. Kurset dekker dei samfunnsmessige konsekvensane av brannar, historiske hendingar som har forma regelverket, casestudium, strategiar for branntiltak, modelleringsteknikkar og praksis, utvikling innan forsking, samt effektiv formidling av funn.
Målgruppe
Dette kurset krev forkunnskap om branndynamikk. Det passar for deg som har som mål å jobbe med, eller allereie arbeider med brannsikkerheit og ønsker å utvikle gode tiltak mot brann, både i bygg- og anleggsbransjen og i andre bransjar.
Kurset er digitalt, noko som gjer det veleigna som studium ved sida av arbeid. Ønsker du å ta ein mastergrad i brannsikkerheit i framtida, kan du søke om akkreditering for dette kurset.
Dette emnet undervisast i engelsk. Sjekk den engelske sida øvst i hjørnet for meir informasjon i emneplanen.
Opptakskrav
• Bachelorgrad i ingeniørfag, eller tilsvarende utdanning som oppfyller kravene i forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning. Krav til innhold i graden:
o minst 25 studiepoeng i matematikk
o minst 5 studiepoeng i statistikk
o minst 7,5 studiepoeng i fysikk
• snittkarakter i opptaksgrunnlaget på minimum C
Slik søker du:
- Logg inn i SøknadsWeb.
- Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
- Velg «Ingeniør, maritim og klima».
- Trykk på «Søk» under «Videreutdanning høst 2025».
- Velg studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode over).
- Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
- Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.