Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Vi lever i omskiftelege og innovative tider, og endringar skjer stadig raskare og på stadig fleire område. Endringar i marknader, kunnskap og teknologi gjer det nødvendig med stadig omstilling. Det blir sagt at verksemder si evne til innovasjon og endring er avgjerande for utvikling, konkurranseevne og gode resultat over tid. Forståing av og kunnskap om innovasjon og endring er derfor viktig for verksemder både innanfor privat og offentleg sektor.

Kvifor studere innovasjon og endringsledelse?

Kurset i innovasjons- og endringsleiing gir ei effektiv innføring i ulike utfordringar og moglegheiter som verksemder må handtere.

Gjennom kurset får du kunnskap om og forståing av kva innovasjon inneber, korleis innovasjon kan skje i organisatoriske samanhengar, korleis innovasjon kan påverkast gjennom organisering og leiing, samt kva faktorar som kan verke fremjande og hemmande på innovasjon.

Innovasjon inneber endring. Kurset vil sjå nærare på endring i organisatoriske samanhengar, og leiing av ulike endringsprosessar. Deltakarane får opparbeidd seg kunnskap om og forståing av drivkrefter som ligg bak endringar, ulike typar organisasjonsendringar og omfang av desse, kva endringsprosessar i organisasjonar kan innebere, betydinga av konteksten endring finn stad i, samt endringsstrategiar og leiing av endringsprosessar.

Kva lærer du?

  • Innovasjons-, endrings- og omstillingsperspektiv
  • Leiingsteoriar og -strategiar
  • Innovasjon i eksisterande verksemder, verdiskaping og intraprenørskap
  • Innovasjonssystemet, næringsklynger og verdikjeder
  • Om innovasjonens tidsalder
  • Innovasjon i norske næringar
  • Tilnærmingsmåtar, metodar og verktøy i innovasjonsarbeid (prosjektarbeidsforma, produkt-/tenesteutvikling, forretningsutvikling)
  • Organisasjonsutvikling/-læring
  • Motstand mot endring

Du finn meir informasjon i emneplanen