Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Ein god HMS-kultur sikrar at arbeidsplassen er trygg for tilsette, bidrar til å forhindre arbeidsrelaterte sjukdommar, og skal fremme generell trivsel. Dette kurset er for deg som ønsker å lære meir om korleis HMS-kultur kan leiast, utviklast og endrast i ein organisasjon eller verksemd.

Kvifor studere HMS-kultur og leiing: Leiing og endring?

Eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø motiverer tilsette til å yte sitt beste. Noko som igjen kan føre til  høgare kreativitet, innovasjon, samarbeid og eit positivt omdøme.

Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS, samt forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.

Kva lærer du ?

Etter å ha avslutta utdanninga skal du kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.

Studiet har følgjande hovudtema:

  • Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
  • Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
  • Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
  • Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.

Du finn meir informasjon i emneplanen her

Alle utdanninger innen