Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
90

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i matematikk til ei mangfaldig elevgruppe.

Dei ulike fordjupingane består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane ei innføring i vitskapsteori og metode som skal danne grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert.Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiingDet vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C ogminimum to års relevant yrkespraksis.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4532