Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa knytt til mellom anna åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk. Tilpassa opplæring og inkludering er sentrale tema. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar over to dagar) i Volda pr. semester. Det er obligatorisk frammøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid mellom samlingane. Desse kjem i tillegg til arbeidskrava på emnet. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav og frammøte knytt til emnet vere oppfylt.Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptakskrav

Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4207