Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 5.–10. trinn.Vi fokuserer på korleis ein skal introdusere og gjennomføre variert programmeringsundervisning. Studiet har difor innhald om både algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, blokkbasert programmering og tekstbasert programmeringsspråk. Ein jobbar med ulike typar utstyr, som Micro:bit eller andre mikrokontrollar/robotar studenten har tilgjengeleg, og vi hevar blikket og ser på programmering i eit samfunnsperspektiv.Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er med andre ord ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. Studentane skal levere ei vureringsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Opptakskrav

Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4203

Alle utdanninger innen