Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 1.–7. trinn.Ein viktig del av studiet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og overgangar mellom ulike tilnærmingar for programmering på små- og mellomsteget. Leik og kreative skapande prosessar er sentralt, men ein hevar også blikket og diskuterer programmering i eit samfunnsperspektivet.Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb.Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar.Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4202

Alle utdanninger innen