Er du interessert i fagfelt som marknadsføring, PR, journalistikk og strategisk kommunikasjon? Kommunikasjonsutdanninga i Volda kvalifiserer for medie- og kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private bedrifter. Studentane får seg arbeid i alt frå kommunikasjonsbyrå, til industri og næringslivet eller i internasjonale hjelpeorganisasjonar. Her kan du blant anna jobbe som PR- og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller vere ansvarleg for sosiale medier. Høgskulen i Volda har i dag eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. Vi samarbeider tett med arbeidslivet, noko studentane får nytte av gjennom relevante gjesteforelesingar og gode praksisordningar. Sjekk ut podcasten som studentane laga om si eiga utdanning i ei studentoppgåve!. Sjekk også ut #PRprat som går kvar onsdag klokka 12.00 våren 2024
1. semester: Studentane gjennomfører vår “rekruttskule” med Adobe workshops og opplæring i foto og video, lage trykksaker og dei nødvendige programvarene. Det vert fokusert på ulike former for kommunikasjonsstrategiar, i tillegg til innføring i norsk samfunnsliv. Denne undervisninga er felles med studentane på journalistikk. 2. semester: Medan første semester handla mykje om ekstern og utadretta kommunikasjon, handlar andre semester om intern kommunikasjon. I tillegg lærer studentane om ytringsfridom og media si rolle i demokratiet. I lys av tidsaktuelle hendingar lærer studentane kritisk refleksjon kring media si utvikling og rolle i samfunnet. Her er det også felles undervising med journalistikk og medieproduksjon. 3. semester: Studentane brukar kunnskapen frå første året til å gjennomføre praktiske prosjekt for bedrifter og organisasjonar. Så skal alle studentane lære journalistisk metode og ulike former for nyhendeproduksjon, nyhendevurdering og presseetikk – også felles med journalistikk og medieproduksjon. 4. semester: No kan studentane fritt velje emne i inn- eller utlandet som skaper variasjon og tverrfaglegheit i si studieportefølje. Dei kan reise nesten kvar som helst i utlandet eller velje mellom partnarar i Noreg. Nokre vil auke kultur- og språkkompetanse medan for andre er det viktig å fordjupe seg i ei fagleg interesse. 5. semester: Bærekraft, samfunnsansvar og omdømme er sentrale fagfelt som mange vil møte i arbeidslivet. Dette er difor viktige temaer i medieutdanningane ved Høgskulen i Volda (HVO). Mange studentar kombinerer perspektiva i ei større fordjupningsoppgåve som dei leverer i medievitskap. Dette er også felles med journalistikk og medieproduksjon. 6. semester: Siste semester startar med turbovekene som førebur studentane på å reise ut i ekstern praksis hjå ein av Høgskulen i Volda (HVO) sine mange og varierte praksisplassar rundt om i heile landet. HVO har eit godt utbygd nettverk av praksisplassar som vi har mange tiårs erfaring med. Her nyttar nokre studentar sjansen til å gjere undersøkingar som dei brukar i den avsluttande bacheloroppgåva som set førebels punktum for utdanninga i Volda. Vi har likevel fleire og fleire studentar som vel å halde fram på Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergrader i Noreg eller i utlandet.