Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom praktisk utøvande arbeid, teoretisk tilnærming, og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis som lærar.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstaden, erfaring i bruk av verkty og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og prosessar, som står sentralt i kunst og handverksfaget. I tillegg til samlingane er det digitale læringsløyper og nettmøter.Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar også nettbasert. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU). Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4204