Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

På samlingane vil vi jobbe mykje med praktiske øvingar og refleksjon rundt desse. Det skal vere ein god balanse mellom fysisk aktivitet og utprøving, og arbeid med relevant teori og refleksjon.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlinger pr. semester. I tillegg til samlingane er det lagt opp digitale læringsløyper og nettmøte gjennom læringsportalen Canvas. Arbeids- og undervisningsformane vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing og didaktisk refleksjon knytta til studenten sin eigen praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper vere gjennomførte innan fastsett frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen blir vurdert til bestått/ ikkje bestått.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU). Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4284