Fakta
Studieform:
Undervisning ved lærestedet
Studietempo:
Deltid
Studiepoeng:
15
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Emnet skal gjere studenten i stand til å identifisere - med eit kritisk blikk - korleis overordna perspektiva i praksis kan bidra til helsefremjande samfunnsutvikling. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne (praksis)erfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet. Emnet er relevant for arbeid med samfunnsutvikling generelt, men vil ha særleg søkelys på lokalsamfunnsutvikling. Les meir om emnet.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er lagt til to fysiske samlingar, kvar på tre undervisningsdagar.Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesing og arbeid i grupper.Det er forventa studentaktivitet både på og mellom samlingane.
Opptakskrav
1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå ellerIntegrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4408