Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
![Lærestedets logo Logo Høgskulen i Volda](https://s3.utdanning.no/hkdir-data-utdanning-no-prod/s3fs-public/styles/organisasjon_tilbud/public/2021-01/HVOlogo_hoved_horisont_svart_digitalt.png?VersionId=1&itok=-SEkUTo4)
![Lærestedets logo Logo Høgskulen i Volda](https://s3.utdanning.no/hkdir-data-utdanning-no-prod/s3fs-public/styles/organisasjon_logo_mobil/public/2021-01/HVOlogo_hoved_horisont_svart_digitalt.png?VersionId=1&itok=5EYCXkU-)
Om studiet
Har du lyst på ein viktig og meiningsfull jobb, der ingen dagar er like og du kan gjere ein forskjell for barn og unge? Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn er ei femårig masterutdanning, der du etter endt utdanning får ein trygg jobb med god startløn, og moglegheit for å få jobb i heile landet. Som lærar har du eit stort ansvar som klasseleiar, i samarbeid med kollegaer og andre som er tett på eleven. I Volda finn du eit godt og aktivt studiemiljø, med stort mangfald, men lite nok til at du blir sett. Høgskulen har lange tradisjonar for lærarutdaning og er kjent for eit fagleg sterkt miljø og tett kontakt mellom studentar og lærarar. Som grunnskulelærarstudent i Volda får du: Tilbod om utveksling tredje studieår Tilbod om praksis i utlandet Kort veg mellom campus og praksisskule Ta over heile praksisskulen siste praksisår God digital kompetanse, og tilgang til Læringsverkstaden
Undervisningsopplegg
Opptaksinformasjon
Anbefalt forhåndskunnskap
Utveksling
Høgskulen i Volda har mange samarbeidspartnarar i utlandet og vi tilbyr utveksling til fleire internasjonale lærarutdanningsinstitusjonar i tredje studieår. Vi tilbyr også praksis i utlandet i fleire studieår. Det blir i tillegg arrangert studieturar til utlandet i regi av fleire fag i løpet av studiet.