Gjennomgått i samarbeid med Norsk Osteopatforbund 27. januar 2025

Osteopat

Osteopatar behandlar plager i musklar og skjelett. Dei ser korleis kropp, sinn og livssituasjon påverkar helsa vår.

Arbeidsoppgaver

Ein osteopat behandlar pasientar med muskel- og skjelettplager og hjelper dei å ta vare på eiga helse. 

Osteopatar bruker fleire måtar å behandla på, som tøying av musklar, løysa ledd eller andre teknikkar – alt etter kva pasienten treng. Dei viser også øvingar som pasienten kan gjera sjølv for å bli betre. Kvar pasient får sin eiga tilpassa behandling, og osteopaten bruker god tid på å forklara kva som kan vera årsak til plagene og korleis dei kan bli betre. På denne måten kan pasienten aktivt bidra til å forbetra sin eigen helsesituasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for osteopaten:

  • grundig samtale for å kartleggja plagene
  • vurdera om pasienten treng anna behandling
  • undersøkja muskel- og skjelettsystemet
  • finne rett og individuelt tilpassa behandling som f. eks. tøying, leddrørsler eller
  • liknande
  • vise øvingar og gi råd og rettleiing, slik at pasienten kan ta betre vare på eiga helse
  • samarbeide med andre behandlarar av muskel- og skjelettplager
  • engasjera seg i arbeidet med å fremja folkehelsa generelt

Frå 2022 må osteopatar følgje Lov om helsepersonell mv. og relaterte lovverk og forskrifter om mellom anna fagleg forsvarlegheit og journalføring, på lik linje med andre helsepersonell. Osteopat er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar osteopatar?

Dei fleste osteopatar jobbar på private klinikkar, med individuell behandling, med grupper, og med oppgåver innan friskliv og aktive tiltak. Nokre osteopatar jobbar også i offentleg helse- og omsorgsteneste, og innan forsking og utdanning.

Korleis er det å jobbe som osteopat?

Portrettfoto av mann

Osteopat

Petter Blomqvist

– For mange er råd og veiledning minst like viktig som fysisk behandling, sier Petter.
Osteopat Stine valgte yrket fordi hun selv fikk god hjelp av en osteopat etter en skade.

Osteopat

Stine Larsen

Jobben til Stine Larsen er å gi behandling som fremmer pasientens evne til hjelpe seg selv.

Viktige egenskaper for en osteopat

Som osteopat jobbar du nært menneske. Du må ha evne til å skapa tillit og ha gode kommunikasjonsferdigheiter.

Kva tener osteopatar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til osteopat?

I Noreg tilbyr Høyskolen i Kristiania utdanninga bachelor i osteopati, følgd av eittårig vidareutdanning. Fullført 4-årig utdanning dannar grunnlag for å søka Helsedirektoratet om autorisasjon og bruk av tittelen osteopat. Utdanning blir òg tilboden i fleire andre land som Finland, Danmark, Storbritannia og Sverige.

Bedrifter: Kor jobbar osteopatar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med osteopatar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3229114 - OSTEOPAT

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Illustrasjonsbilde av akupunktør i arbeid.

Akupunktør

Ein akupunktør set nåler i bestemte punkt i kroppen for å behandle menneske.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Illustrasjonsbilde av aromaterapeut i arbeid.

Aromaterapeut

Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform som bruker eteriske urteoljer i behandlinga av pasientar.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.