Hovmeister
Hovmeisteren ser til at gjestene blir tekne godt imot, og at dei får den servicen dei skal ha.
Arbeidsoppgaver
Ein hovmeister er ofte arbeidsleiaren (skiftleiaren) for servitørane på ein restaurant eller eit hotell. Andre hovmeistrar har ansvaret for den daglege drifta av ein restaurant, eller deler ansvaret med ein restaurantsjef.
Hovmeisteren har eit overordna ansvar for at gjestene får det dei har bestilt, og at det dei får er av den kvaliteten dei forventar. Vidare har hovmeisteren ansvar for at restauranten er rein og ryddig.
Vanlege arbeidsoppgåver for hovmeistrar er:
- ta mot gjester og syne dei til plassane sine
- syte føre at gjestane heile tida oppnår kontakt med nokre av servitørane
- sjå til at gjestane får maten dei har bestilt til rett tid
- setje opp vaktlister og gjere oppgjers- og rekneskapsarbeid
- hjelpe til med å planlegge menyen med kjøkkensjefen
- hjelpe til med servering
Kor jobbar hovmeistrar?
Hovmeistrar arbeider på til dømes restaurantar, hotell eller cruisebåtar. Du kan arbeide både i Noreg og i utlandet.
Intervjuer
Hovmester
Isabell Kirkerud
Viktige eigenskapar
Som hovmeister må du vera glad i å omgåast menneske og tola stress som kan oppstå i eit hektisk restaurantmiljø. Du må ha evna til å yta god service og ha leiareigenskapar. Du må òg vera interessert i mat og vin.
Lønn
For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.
Utdanning
Dei fleste hovmeistrar er utdanna servitør eller kokk. Det er vanleg å ha nokre års erfaring før ein søkjer på hovmeisterjobbar.
Etter- og vidareutdanning
Sjå utdanningstilbod innan kjøkken- og restaurantledelse på fagskole
Dei som jobbar som hovmeistrar har som oftast studert:
Dei vanlegaste jobbane blant servitørutdanna
- 483203 - Servitørutdanning, videregående, avsluttende utdanning
- 483201 - Servitørfaget, Vg3
Bedrifter som ansetter hovmeistrar
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med hovmeistrar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5123102 - HOVMESTER