Anleggsmaskinmekanikar
Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Arbeidsoppgaver
Som anleggsmaskinmekanikar er du mekanikar som spesialiserer deg på masseforflytningsmaskiner som blir brukte på anleggs- og byggeplassar. Dette inkluderer anleggsmaskiner som gravemaskiner, hjullastarar, anleggsdumparar, dosarar, veghøvlar og traktorgravarar/gravelastarar.
Tunnelboreriggar, valsetog, aggregat og spesialmaskiner er òg utstyr du kan komma borti i faget.
Vanlege arbeidsoppgåver for anleggsmaskinmekanikaren:
- søkje etter feil på anleggsmaskiner
- reparere anleggsmaskiner
- halde ved like anleggsmaskiner
Kvart år må anleggsmaskiner inn til kontroll/sertifisering, og det er berre anleggsmaskinmekanikarar som har kompetanse og lov til å utføre denne kontrollen.
Arbeidet som anleggsmaskinmekanikar kan vere fysisk krevjande. Faget er underlagt lover og forskrifter på tekniske, tryggleiks-, miljø- og helsemessige område. Det er difor viktig å ta vare på den naudsynte tryggleiken for seg sjølv og andre.
Yrket har mykje til felles med landbruksmaskinmekanikar og anleggsmaskinførar.
Kor jobbar anleggsmaskinmekanikarar?
Anleggsmaskinmekanikarar kan vere tilsett i store og små verksemder over heile landet som utfører ulike oppgåver i anleggsbransjen. Arbeidet går føre seg på anleggsområde og inne på verkstader.
Intervjuer
Anleggsmaskinmekaniker
Tor Støbakk
Viktige eigenskapar
Anleggsmekanikarar bør vere interesserte i motorar, hydraulikk (overføring av energi og kraft ved hjelp av væske/olje, rør, flens og slangar), mekanikk og elektronikk. Det er nyttig for ein anleggsmaskinmekanikar å vere sjølvstendig og god til å samarbeide. Du må òg vere praktisk anlagt og like å arbeide med hendene dine. Anleggsmaskinmekanikaren skal kunne kommunisere med kundar og kollegaer og kunne planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidet som blir gjort. Det er òg viktig at du utfører arbeidet effektivt og nøyaktig.
Tryggleiksforskriftene er strenge, og ein krev difor høg konsentrasjon i arbeidet.
Lønn
Utdanning
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Med fagbrev i anleggsmaskinmekanikarfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.
Dei som jobbar som anleggsmaskinmekanikarar har som oftast studert:
Dei vanlegaste jobbane blant anleggsmaskinmekanikarutdanna
- 455243 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg4
- 455202 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg3
- 455250 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg3, grunnkompetanse
Bedrifter som ansetter anleggsmaskinmekanikarar
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med anleggsmaskinmekanikarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 7233109 - MEKANIKER (MASKINER)
- 7233108 - SPESIALARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
- 7233107 - VERKSTEDARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
- 7233106 - FORMANN (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
- 7233104 - FAGARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
- 7233103 - ANLEGGSMASKINREPARATØR
- 7233101 - ANLEGGSMASKINMEKANIKER
- 7233103 - ANLEGGSMASKINREPARATØR